Bok

Lysskimmerskjebne

Tore Renbergs siste bok er gotisk roman og bygdesoge i eitt.

Tore Renberg har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen, som rommar fleire sjangrar.
Tore Renberg har fått ei rekkje litterære prisar for forfattarskapen, som rommar fleire sjangrar.
Publisert Sist oppdatert

Den like ustopplege som uføreseielege Tore Renberg er ute med ny bok, kort tid etter den imponerande Lungeflyteprøven og sakprosaboka som følgde. At Renberg har dukka langt ned i historisk stoff dei seinaste åra, ber også Lorden preg av. Det er ein samtidsroman med sterke gotiske element, der mørke gåter frå fortida kastar tunge skuggar over handlinga på notidsplanet.

Boka er den tredje forfattaren gir ut på nynorsk, og eg vil seie med ein gong at Renbergs nynorsk er ein fryd å lese.

Vi er i ei fjellbygd ein stad i Noreg i vår eiga tid. Jon Magne Moi er nypensjonert lærar og har dermed god tid til å dyrke historieinteressa si. Han er òg glad i litteratur, især Dickens, og i Bach. Ikkje minst er han ein ihuga språknerd som kommenterer både eige og andre sitt språk på livleg og velformulert vis, i ei stor mengde fotnotar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement