Kunst
Makelaust i tresnitt
Å sjå grafikk med så høg handverkskvalitet er sjeldan vare.
Annette og Caroline Kierulf stiller ut til saman 80 tresnitt.
Dag Fosse / Kode
Systrene Annette?Kierulf (f. 1964)?og Caroline Kierulf?(f. 1968) har stilt ut saman i heile 28 år. No har dei fått andre etasje av Kode 2 å boltre seg i. Her kan publikum fråtse i 800 kvadratmeter fylt med tresnitt i digre format, til å stupe inn i.
Utstillinga Å skape en verden er særs vakkert montert, lettveggar deler den digre salen i passelege porsjonar. Veggane er bygde såleis at dei svever lett over bakken – noko som gir ein nydeleg effekt. Med det same vi stig inn i utstillinga, vert vi litt i stuss. Korleis skal klare å skilje verka til dei to kunstnarane frå kvarandre? Begge viser tresnitt i eit stilisert og realistisk formspråk, dei fleste arbeida er endåtil i same storleik. Forvirringa varer likevel ikkje lenge, så fort vi kjem i gang med å sjå på bilda, ser vi fort kven som er kven. Dei var slett ikkje så like som det først såg ut til.
Caroline Kierulf?
I delikate sjokoladetonar har Caroline Kierulf?forma ein Kvikk-Lunsj etter ein reklameannonse frå 1950-talet. Under har kunstnaren sirleg rissa inn eit tradisjonelt broderimønster, alt akkompagnert med dei urovekkande orda «Lite pen og ensom», vakkert forma i kursiv.
Verket er karakteristisk for Caroline Kierulf. I ei årrekke har kunstnaren henta inspirasjon frå tekstar og bilde i vekemagasinet Alle Kvinners Blad frå åra 1939 til 1956. Dette var ei brytningstid i Noreg, då elektroniske hjelpemiddel i aukande grad letta husarbeidet, samstundes som kvinnene stega inn i yrkeslivet. Mellom annonsar for støvsugarar og steikeomnar står artiklar med råd om korleis kvinnene skal takle dobbeltarbeidet med familie og jobb. Som ein raud tråd gjennom magasina då som no, er spørsmålet om korleis ein kan halde seg slank og vakker gjennom ein krevjande kvardag, sentralt.
Det er mot dette bakteppet vi må forstå verket «Lite pen og ensom». Teksten er henta frå lesarbrevspaltene, eit smertefullt hjartesukk. For magasina legg til grunn at den som er utan venleik, vil ha vanskar med å få fatt i dei goda det vert lokka med. Kan hende antydar Caroline at den lite vene kvinna får nøye seg med å fordrive tida med handarbeid, og den bittersøte trøysta i å få heile tursjokoladen for seg sjølv? Verka hennar er underfundige så vel som poetiske, som små dikt der bilde og ord vert fletta saman i ein heilskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.