Bok

Makt og absurd teater

Giuliani da Empoli har skrive ein roman om det som går føre seg bak lukka dører i Kreml.

Statsvitaren Giuliani da Empoli debuterer med ein roman som han seier han har skrive for å formidle innsikter som ei statsvitskapleg avhandling ikkje kan uttrykkje.
Statsvitaren Giuliani da Empoli debuterer med ein roman som han seier han har skrive for å formidle innsikter som ei statsvitskapleg avhandling ikkje kan uttrykkje.
Publisert

«Ingen slepp unna sin eigen lagnad, og lagnaden til russarane er at dei er styrte av etterkomarane til Ivan den grufulle», seier hovudpersonen i denne romanen. «Du kan lage kva påskot du vil – proletariatets revolusjon eller liberalismen frie marknad – men resultatet er alltid det same: … at tsarens privilegerte vaktbikkjer hamnar på toppen» (mi omsetjing).

Det er Vadim Baranov som seier dette i Giuliani da Empolas bestseljande roman Le mage du Kremlin. Ein oppdikta person som burde vite kva han snakkar om: I over 20 år var han ein av Vladimir Putins næraste vaktbikkjer. Frå krigen i Tsjetsjenia til annekteringa av Krim var han Putins viktigaste rådgjevar. Han sette i scene Putins forvandling frå fargelaus byråkrat til russisk tsar.

Innsiktsfullt

Empoli har skrive ein elegant og innsiktsfull roman som kom ut i mars 2022, har vunne fleire prisar – mellom anna romanprisen til L’académie française – og har lege på bestseljartoppen i Frankrike i snart eitt år. Ei engelsk omsetjing kjem i oktober og vil venteleg ha stor suksess i den engelskspråklege verda òg. For roman tek opp eit tema som vestlege observatørar gjerne skulle vite meir om: Kva som går føre seg bak lukka dører i Kreml.

Romanen er ein studie av personar og politiske prosessar i krinsen rundt Putin. Han skildrar Russlands politiske kultur. Og – ikkje minst – utøvinga av politisk makt.

Forfattaren er ein ung sveitsar med mastergrad i statsvitskap få Sciences-Po i Paris og med erfaring som rådgjevar for italienske politikarar. Han er òg den drivande krafta bak Volta, ein politisk tenkjetank i Milano, og har skrive fleire bøker om makt og politikk. Dette er den fyrste romanen hans. Han seier sjølv at han har skrive ein roman for å formidla innsikter som ei statsvitskapleg avhandling ikkje kan uttrykkje.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement