Film
Makta er mektig moro
Eg storkoste meg med den leikne, løgne og fengslande fjernsynsserien om Ap.
Kathrine Thorborg Johansen som Gro Harlem Brundtland og Jan Gunnar Røise som Reiulf Steen.
Foto: Erika Hebbert / NRK
Første runde av Makta handlar om leiinga av Arbeidarpartiet frå 1974 til 1981, frå Gro Harlem Brundtland (Johansen) blir presentert som «Kvinne» til ho blir statsminister. Nesten like sentrale er partiformann Reiulf Steen (Røise) og statsminister Odvar Nordli (Baasmo). Det kryr av store namn frå norsk politisk historie, frå ein aldrande Einar Gerhardsen til jyplingen Jens Stoltenberg. Det politiske spelet driv ei fengjande forteljing.
Kvalitet gjennomsyrar rollelista. Kathrine Thorborg Johansen seglar opp som ei av dei store i sin generasjon med si velstuderte og nyanserte rolle som Gro. Jan Gunnar Røise er på sitt beste som ein kalkulerande og lidande Reiulf Steen. Birollene er fylte i fri stil med teft for det beste landet har å by på.
Dei slepp jamvel unna med at ein kar frå Kløfta spelar Einar Førde. Nader Khademi tangerer både sjarmen og luggen til den legendariske høyangringen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.