Bok

«Mange er asosiale, dei vil i alle fall ha so lite med samfunnet å gjera som mogeleg.»

Publisert

Olav H. Hauge-dagbøkene

6. august 1959

Løyndomen med Hamsuns vesen tenkjer på si stilling, sine pengar, sitt hus, sin bil, og prøver å forskansa seg og assurera seg på alle måtar.

Menneski hans er menneske i denne høge meining av ordet, dei lever ut sin lagnad, fylgjer si røyst, sine drifter, verdi er deira heim – ei stund i alle fall, men ikkje upphavet og endelykti, det er ikkje noko trongt moldvarp-liv dei lever, der er vidd og rømd og stjernehimlar ikring Hamsuns menneske.

Mange er asosiale, dei vil i alle fall ha so lite med samfunnet å gjera som mogeleg. Dette er eit sermerke som mange store menneske har. Dei kom til verdi og såg andre uppgåvor for sitt liv enn å lempa seg etter samfunnet, verta ein nyttig og bra mann. Det var vel ikkje det dei var komne her for! Høyrde dei ikkje annan musikk!

Og samfunnet, det såg dei no var berre noko keidsame, turre menneske hadde funne på, kom det ikkje nye lover til kvar tid? Isak Sellanrå har ikkje slike høyrt gjete. Berre verkeleg store menn kan samstundes vera sosiale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement