Bok

Mangfaldig og sanseleg

Ein ung gut døyr i ei mopedulukke vi aldri får lese om, men som alt kretsar ikring og spring ut ifrå. Louise mistar sin beste ven og kjæraste: «Ein kan leve ein tysdag. Ein kan døy ein onsdag. Du finst. Og så finst du ikkje.»

Louise deler ikkje sorga på sosiale medium, snakkar ikkje om tapet, græt ikkje. Men hjartet slår altfor fort, ho søv dårleg og drøymer om Tormod.

Vi møter henne eitt år etter ulukka, då bestemor hennar døyr. Louise må dra heim att til mor si, som grånar mellom kvitt veggpanel, kubbelys, duskar og HOME-klossar i glaskarmane.

I Louises familie er det ein spesialitet å le utan å lage lyd, men nokre av scenene er så godt fortalde at dei eksploderer i hovudet. Alt blir levande i dei mangfaldige og sanselege skildringane, anten om dei er til å le, grøsse eller gråte av.

Då storesøstera skjemmer seg ut med ei eigeninitiert, tonedøv soloframføring av «Amazing Grace» i gravferda til bestemora, får ho skryt av tantene for si fantastiske formidlingsglede. Det store persongalleriet verkar til å inspirere forfattarens formidlingsglede på ein langt meir vellukka måte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement