Bok
Mannen, ballen og sjakkbrikkene
80-talet, denne dronninga av tiår, the best of decades, the worst of decades. Tiåret til Atle Grønn. Tiåret til Simen Agdestein. Mitt tiår også.
Simen Agdestein, Noregs første stormeister i sjakk.
Foto: Morten Hvaal / NTB
Eg tenker ikkje på det som gamle dagar. Like fullt er det det Atle Grønn impliserer, med tittelen på den nye boka si, Sjakken som var. At 80-talet var ei anna tid, med ein annan sjakk. Gamle dagar.
Og for verdas største og mest populære brettspel har han rett, for det er eit før og eit etter: før internett, etter internett. Og, vil eg legge til, før og etter murens fall.
For internett, saman med murens fall og Sovjetunionens samanbrot, endra retninga på sjakkutviklinga. Sjakk var i ferd med døy bort til ei austeuropeisk spesialøving (som langrenn er for Noreg), berre for dei spesielt interesserte i Vesten.
I toppen var den russiske dominansen total. Med unnatak av Bobby Fischer (1972–1975) var alle verdsmeistrar frå andre verdskrigen til 1989 frå Sovjet. Det reflekterte situasjonen på klubbnivå. Alle i Aust-Europa spelte sjakk, eg har sjølv spelt på gater og i parkar og på festar i Ungarn, Polen og Russland. I Vesten var det spelet til dei gamle og rare (og utvandra russarar!), sært og nerdete.
I staden vart sjakk ein global aktivitet som om lag 600 millionar menneske spelar. Reknar vi sjakk som idrett, er det trygt inne på lista over verdas ti største. Større enn golf og baseball, mindre enn volleyball og tennis. Inne på topp 20 i verda er spelarar frå Russland, Kina, India, USA og Europa. Veldig få idrettar har så brei representasjon i toppen.
Internett redda sjakken
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.