Mannen med dei gode intensjonane
Som forfattar syner Thorbjørn Jagland seg som både intelligent og kunnskapsrik. Men analysen vert skuffande overflatisk.
Thorbjørn Jagland kunngjer at Jens Stoltenberg tek over som statsministerkandidat og parlamentarisk leiar av Arbeidarpartiet hausten 2000, og snart byrjar nedturen som andre bandet av Jagland-biografien handlar om.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Ved stortingsvalet i 2013 greidde han det ikkje lenger. For fyrste gong i livet fekk Thorbjørn Jagland seg ikkje til å leggje lista til Arbeidarpartiet i konvolutten. Partiet som han hadde vakse opp i, og sjølv vore leiar for gjennom åtte år, kunne han berre ikkje røyste for. Med skjelvande hand putta han ei SV-liste i valurna, skriv han i andre bandet av sjølvbiografien som no ligg føre.
Den lina som partiet hadde slått inn på under etterfølgjaren Jens Stoltenberg, gjekk beint imot det som Jagland hadde trudd på og stridd for i meir enn 40 år. Borte var solidariteten. Internasjonalismen var lagd på hylla. Forskjellane auka mellom fattige og rike både i Noreg og i verdssamfunnet, og Arbeidarpartiet i regjeringsposisjon såg ikkje ut til å bry seg. Statsminister Jens Stoltenberg hadde engasjert Noreg i bombing av Libya, utan mandat frå FN og i strid med folkeretten. Dette var langt frå dei ideala som partiet tidlegare hadde stått for. Jagland røysta etter sitt eige samvit. Dette kunne ikkje han vere med på.
Memoarane dekkjer åra frå 2002 til 2009, då Jagland var leiar for Stortingets utanrikskomité og deretter stortingspresident i fire år, før han vart vald til generalsekretær for Europarådet. Siste bolken handlar om tida i Nobelkomiteen og vert ført fram til Jagland gjekk ut i 2018.
Bombinga av Libya og SV-røysta i 2013 fell eigentleg utanfor ramma til boka, men for Jagland er det tydeleg viktig å få det fram. Åtaket på Libya var det grovaste nokon leiar av Arbeidarpartiet hadde vore med på, utan mandat frå FN og utan mandat frå eige parti. Eg røysta ikkje mot partiet, skriv Jagland. Partiet ville aldri ha gått med på dette om leiaren hadde opna for ein intern debatt.
Forfall
Kort fortalt handlar boka om forfall. Det meste har gått gale, både heime og ute i åra frå 2002 til i dag. «Gode Gud. For en katastrofe», bryt Jagland ut i sluttkapittelet, skrive medan Afghanistans regjering ramla saman – etter Irak, Syria og Libya. Sjølv ikkje røysta til SV i 2013 hadde hjelpt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.