Musikk
Måtehald på rett måte
Stordaduo lagar lågmælte vekkingsmøte for gitar og innlagt regn.
Ragnhild Kambo Grov og Endre Olsen lagar viser med hatt og harmoniar.
Foto: Anne Lillebø Gjerstad
I februar 2023 kunne TV 2-publikum oppleve ein kar med breiranda fedora tolke «The Times They Are A-Changin’» som blind audition i The Voice. «Æ tror vi må se forbi låtvalget. Æ like stemmen hans kjempegodt», seier mentor Espen Lind. Ein YouTube-sjåar er vel så presis: «Fortel ei historie utan pynt. Godt gjort.»
Mannen med hatten får berre vere med i nokre episodar, men den klare og mjuke røysta byr på country frå Kacey Musgraves og heavy metal frå Iron Maiden innan Endre Olsen forsvinn ut av konkurransen.
Spagaten mellom desse tolkingane seier mykje om den krunglete yrkesvegen til stordabuen. 44-åringen var innom fleire haldeplassar for engelskspråkleg og norskspråkleg poprock av ulikt temperament før han i 2018 skifta permanent til americana på sunnhordlandsdialekt.
Albuma Bøttevis med blått og Baklengs tebake synte ein artist på veg mot si eiga røyst, i dobbel tyding. Der underteikna beit seg spesielt merke i tekstane og det vokale samspelet med Ragnhild Kambo Grov.
Tingingsverk
Det gjorde fleire andre òg. Poesifestivalen i Ulvik tilkjende Olsen Olav H. Hauge-stipendet for 2020 (delt ut i 2021, på grunn av koronapandemien). Eit økonomisk stipend er også ei von om eit tingingsverk frå mottakaren. Olsen framførte sitt på festivalen hausten 2022, og fortel seinare i ein podkast at verket skal bli plate – «ganske snart».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.