Bok

«Med baugen først»

Essaya i Rapportar frå randsonene er sjølvstendige, verdfulle tilskot til essaytradisjonen vår.

Margunn Vikingstad er litteraturkritikar.
Margunn Vikingstad er litteraturkritikar.Margunn Vikingstad er litteraturkritikar.
Publisert

Essay

Det kan aldri verte nok essayistikk i Noreg, og spesielt ikkje frå kvinner. Heldigvis har vi fått fleire og fleire kvinnelege essayistar som formulerer litt andre perspektiv og har litt andre tilgangsmåtar til stoffet sitt enn mange menn. Jau då, vi har ein god flokk framifrå mannlege essayistar òg, men det er moro å sjå korleis sjangeren utviklar seg. Især sidan han har vorte stilt i skuggen av sakprosaen som samlesekk, der dei funderande, ofte underfundige tekstane får mindre merksemd enn opplysningsprosaen og annan drøftingsprosa. Her er då ei fundersam, tankevekkjande bok.

Vikingstad er ganske overraskande, og ho går rett på sak med si finurlege, fine blanding av tekstanalyse og subjektive klårgjeringar av eige utgangspunkt. Ho fortel ein stad at mannen hennar har hevda ho lever slik at ho «har baugen først» – altså at ho alltid steller seg slik at ho er klar til utfart og på hogget. Den metaforen er ganske så god som karakteristikk av essaysamlinga.

Boka innleier med å gjere greie for ståstaden forfattaren har til tekstlesing. Forfattaren ­tillèt seg å vere subjektiv og referere til eigne røynsler, noko som hjelper til å skjøne perspektiva ho utviklar. Dei «knyter seg […] til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit». Dette har då tydelegvis avgjort utvalet av bøker og forfattarskap: Sara Stridsberg, Geir Gulliksen, Anne Oterholm, Inger Bråtveit, Jan Roar Leikvoll, Helle Helle og Jon Fosse.

Vi møter nokre av dei store eksistensielle spørsmåla: sorgas arkitektur, kjærleikens sjølvmedvit, lygn og sjølvframstilling, mor-og-dotter-tilhøvet, døden og minna om livet, det umoglege i det sosiale livet og den uuthaldelege fridomen. Eit knippe av vel turnerte eksistensielle spørsmål som gjennom dialogen med tekstane som er omtala, utviklar ein variant av denne særskilde måten gode essayistar like sidan Montaigne har klart å snu på utgangspunktet, plassere sin synsvinkel på stoffet og temaet utan å bli påtrengjande, og snu merksemda til lesaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement