Musikk
Med dans skal monstrum myrdast
Musikken til rytmespelet «Rift Of the NecroDancer» er medrivande, lik ein slags silkemjuk digital soloppgang og -nedgang.
Rytmespelsuksessen Crypt of the NecroDancer (2015) gjekk ut på å danse gjennom gravkammer og andre underjordiske holrom til musikk signert Danny Baranowsky – produsent av elektronisk musikk og komponist bak segnomsuste spelmusikkstykke som «Super Meat Boy» og «The Binding of Isaac» i fugleperspektiv.
Oppfølgjaren Rift Of the NecroDancer liknar meir på Guitar Hero, klassikaren som har inspirert mang ein yngre millenniumsgenerasjonsmedlem enn meg til å finne sitt musikalske kall i livet. Sjølv gjekk eg den gamle skulen, musikkskulen. Eg gret meg til å få slutte, for så å starte att nokre år seinare. Ei uendeleg gitarhalsliknande flate strekker seg inn i ei horisontlaus æve, og ned langs transdimensjonelle tverrband sprett ei kjede av slim, skjelett og annan overnaturleg fauna taktfast rake vegen mot fleisen din. Då er det berre å vere rask på labben og trykke på dei rette knappane, så går det bra.
Det gjekk ikkje så bra med meg, så eg slengde frå meg spelkonsollen og høyrde på musikken utan spel.
Spelet er visst eit framifrå eksemplar i sin sjanger; eg er vel konfigurert på eit vis som gjer meg mindre talentfull når det gjeld bladlesing. Mindre tolmodig, kan hende. Heller ikkje koreografiar eller instruksjonar generelt er eg driven på å følge. Ukontrollerte, spontane, truleg keitete og lemfeldige rørsler er det eg «kan». Og eg kan høyre – mellom anna at dei 48 songane Danny Baranowsky, Alex Moukala, Josie Brechner, Jules Conroy, Sam Webster og Nick Nausbaum har komponert til Rift Of the NecroDancer er god digital fusion og symfonisk chiptune-metal. Høyrer du til dømes den heite syntetiske blåsarrekka og storslåtte trommesoloen i buldrande bass-chase på spor 18, «Count Funkula»?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.