Musikk
Med mellomalderen til Landskappleiken
Helena Wright, opphavleg frå Finland, kom til Landskappleiken med eit mellomalderinstrument – strykelyra.
Helena Wright under tevlinga i open klasse på Landskappleiken med den sjølvbygde strykelyra.
Foto: Folkorg
Open klasse er staden for dei spennande eksperimenta på Landskappleiken. Deltakarane i klassa kan spela på kva dei vil, berre musikken på ein eller annan måte står i tradisjonen til norsk folkemusikk. Difor dukkar det opp utradisjonelle instrument i denne klassa, som til dømes elgitar eller kontrabass, ofte saman med vokal og/eller hardingfele.
Kan hende mest oppsikt i open klasse i år vekte Helena Wright med eit instrument ho kallar strykelyre. Inntil for nokre år sidan hadde knapt nokon nolevande sett ei strykelyre i Noreg, men Helena Wright trur at instrumentet var utbreidd i mellomalderen.
I Finland og Estland
Fram til 1930-åra kunne ein finna strykelyrer i Finland og i Estland, men så forsvann instrumentet også der. Går ein til Nidarosdomen, kan ein finna ei avbilding av ein person som spelar på ei strykelyre medan han syng.
– I mellomalderen spelte ein på noko som i kjeldene blir kalla for gige. Eg trur at det var eit instrument som må ha likna på den strykelyra som eg har konstruert, seier ho til Dag og Tid.
– Denne lyra liknar ein god del på Kraviklyra som er funnen i Numedal. Den viktige skilnaden er at strykelyra ikkje blir spelt med fingrane, men med ein boge, slik ein ser det på biletet i Nidarosdomen. Også i stavkyrkja i Røldal kan ein finna ei avbilding av eit instrument som liknar på dette, fortel Wright.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.