Bøker

Medrivande bygdeskildring

Bjørn Ivar Fyksen ser bygda både innanfrå og utanfrå.

Bjørn Ivar Fyksen debuterer som romanforfattar. Foto: Julie Pike
Publisert

«Bønder spelar ikkje tennis; bondekoner seier ikkje penis», er eit lett forvrengt sitat etter godslege Herbjørn Sørebø. I Bjørn Ivar Fyksens bonderoman Gård og grunn finst da heller ikkje eit snev av tennis, mens penisen blir brukt til å avle fram nye greiner på slektstreet der odelsguten står over alle, samtidig som barna til tenestejentene diskret blir fjerna frå arverekka.

Dette med arv og odel står sentralt i romanen, ei brei og raus skildring av dagens og gårsdagens Bygde-Noreg med eit persongalleri knytt til storgarden Ådal, den mellomstore Bekkeli og husmannsplassen Ådalslien, alle innanfor same grendelag, der alle er i slekt med kvarandre. 

Sidan Fyksen er frå Gran på Hadeland, er det nærliggjande å plassere handlinga der, men heile miljøskildringa er godt gjenkjenneleg for alle som har vakse opp i eller har budd i ei austlandsbygd dei siste 40-50 åra.

Finurlege sider

Det tar til med at den aldrande hovudpersonen, ungkaren Trond Huseby, ser at odelsguten Peder Aadahl frå nabogarden kjem heim etter å ha sona ni år for drapet på faren Torvald, den breiale, brautande og valdelege storbonden på Ådal, gift med Inger. Trond og Inger har hatt eit auge til kvarandre frå langt tilbake utan at det førte til noko, men dette forholdet har fleire finurlege sider som lesaren må tenke igjennom.

Tidsramma strekker seg frå 1958 til 2019, ukronologisk, men med dateringar for kvart kapittel. Innanfor dette tidsrommet skildrar Fyksen eit bygdesamfunn i endring bort frå det konservative, tradisjonsbundne og klassedelte, med strenge rangeringar for kor ein høyrde heime, etter bygningsmasse, maskinpark, dyr på båsen, dyrkamark og skogareal som einaste målestokk for menneskelege kvalitetar. 

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement