Bok
Meisterleg om mytteri
Gjennom eminent kjeldebruk skriv David Grann seg tett opptil hendingar for snart 300 år sidan.
David Grann (f. 1967) er amerikansk bestseljarforfattar og prisvinnande journalist i The New Yorker.
Foto: Rebebba Mansell
Krigen om Jenkins’ øyre (1739–1748) var ein av mange væpna konfliktar mellom Storbritannia og Spania på 1700-talet, og det spesielle namnet skriv seg frå da kaptein Robert Jenkins blei praia av spansk kystvakt. Under tumultane som oppstod, vart det eine øyret kutta av han. Dette øyret hadde han på eit glas med sprit. Da han i 1738 slapp til i Underhuset, viste han fram øyret, og det var god nok grunn til å erklære krig mot Spania i 1739.
Heile krigen var prega av sjørøveri og kaperfart, plyndring av handelsstasjonar i dei spanske koloniane og eitt og anna sjøslag mellom marinefartøy. Wager var eit slikt marinefartøy i ein skvadron samansett av fem krigsskip, ein rekognoseringsslupp og to mindre lasteskip. Skvadronen la ut frå Portsmouth i september 1740 og hadde eit mannskap på 1854. Offiserskorpset kom til ein viss grad frå britisk aristokrati, og resten representerte heile det sosiale spekteret, i alder var dei eldste over åtti, dei yngste var tenåringar.
Overlevande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.