Musikk

Meistermøtet

Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.

Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Publisert Sist oppdatert

«Einast Sylvius skal spela lutten», står det på koparstikket nedst på denne sida. Dei som i si tid høyrde Sylvius Leopold Weiss spela, ville nok vore samde. Med sin briljante teknikk og improvisasjonskunst var han si tids fremste luttspelar, eller «luttinist», som ein kalla det då. I dag blir han rekna som den siste store utøvaren på barokklutt, eit instrument som med sine mange strenger mogleggjer fyldigare akkordar enn vår moderne gitar tillèt.

Weiss kom til verda i nærleiken av Breslau (dagens Wrocław i Polen) i det historiske landskapet Schlesien. I 1718 blei han teken opp i hofforkesteret i Dresden, der han i 1744 var den best betalte instrumentalisten, sjølv om karrieren i 1722 stod i fare då ein (avundsjuk?) fiolinist freista å bita av han tommelen.

Likskap

Med si fine blanding av fyldig fransk harmonikk og italiensk songleg melodikk – i tillegg til raffinert tysk polyfoni – minner Weiss’ solostykke mykje om Johann Sebastian Bachs (1685–1750) tilsvarande komposisjonar. Dei to mest jamaldrande komponistane, som begge døydde i 1750, møttest fleire gonger i J.S. Bachs tenestebustad på Thomasskulen i Leipzig. Desse møta er inspirasjonen bak Duo SolRoos’ fine album Meetings with Bach.

Meistrane må ha ovundra kvarande – det improvisatoriske samspelet deira er skildra av samtidige – og J.S. Bach nytta ein solosuite for lutt av Weiss som utgangspunkt for sin eigen Sonate for fiolin og cembalo i A-dur, BWV 1025, ved å tilføra ei ekstra toppstemme.

Nyansert

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement