Bok

Mellom is og eld

Maren Barlien skriv klokt om sterke krefter under utrygge yter.

Maren Barlien er nordtrønder busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsetjar og organist.
Maren Barlien er nordtrønder busett i Oslo. Ho har gått på forfattarstudiet i Bø og arbeider som omsetjar og organist.
Publisert

Ei reise er til og frå i same rørsle, noko anna skulle ha tatt seg ut. Men ein tenkjer ikkje alltid så nøye over det, reisa er definert ved målet. I den fine debutromanen Einbreid bru av Maren Barlien vert lesaren derimot merksam på at hovudpersonen Astrid først og fremst har reist bort frå eitkvart, og at målet ikkje er det eigentlege poenget når ho kjem til Island for å arbeida for den gamle mannen Gudmundur på hestegarden hans. Til familien i Noreg har ho sagt at ho skal til Island for å studera musikk.

Astrid kjem til ein stad nord på Sagaøya vinterstid, då det er lite å gjera på hestegarden, og ho er den einaste utanfrå, medan det i sommarhalvåret er mange slike som ho hjå han Gudmundur.

Ein nerve i teksten

Lesaren anar fort at det er ein ekstra nerve i teksten, eitkvart ligg under, Astrid har eit litt skeptisk blikk på verda ikring seg, ho er alvorsam og noko inneslutta. Ho forstår litt islandsk, og Gudmundur kan dansk, som jo i islandsk versjon er lett å forstå for nordmenn. Under opphaldet på garden lærer ho meir islandsk, men ho har ikkje mange å kommunisera med.

Husverten Gudmundur vert portrettert glimrande nesten heilt utan skildring. Forfattaren er atterhalden med konkrete detaljar, men ein merkar seg at Gudmundur er ein tenksam mann som veit råd i alle små knipetak, og sikkert store også, og det slår lesaren at han er av ein svært sjeldan rase, nemleg «dei vaksne».

I mangt liknar han på mannen Hadar i Hummelhonung av Torgny Lindgren, han har tileigna seg kunnskapen han treng. Det kjem fram at han har studert psykologi, og at garden med hestane mellom anna representerer eit terapeutisk tilbod. Det er vel då just som det vert sagt i den svenske filmen Mitt liv som hund: «När du grips av oron, skall du vila vid en häst.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement