Bok
Mennesket som smarttelefon
Fremtidsmennesket er ei svimlande og lærerik reise gjennom bioteknologien, men gjev eit snevert svar på kva eit menneske er.
CRISPR-teknologien kan revolusjonere både medisin og menneskeleg reproduksjon. Biletet er frå eit forsøk ved Oregon 4. mars i år. Legane prøvde for første gong å nytte redigert DNA for å hjelpe ein pasient som var fødd blind. CRISPR-teknologien kan revolusjonere både medisin og menneskeleg reproduksjon. Biletet er frå eit forsøk ved Oregon 4. mars i år. Legane prøvde for første gong å nytte redigert DNA for å hjelpe ein pasient som var fødd blind.
Foto: Kristyna Wentz-Graff/OHSU / AP / NTB scanpixFoto: Kristyna Wentz-Graff/OHSU / AP / NTB scanpix
Sakprosa
Veit du kva CRISPR er? Om svaret er nei, bør du lese boka til Sigrid Bratlie og Hallvard Kvale. I lettfatteleg språk tek dei deg med på ei svimlande reise i den nye bioteknologien som snart kjem til å prege ikkje berre medisin og reproduksjon, men òg debattane om velferdsstat og prioritering i åra som kjem.
Bratlie og Kvale ynskjer å engasjere fleire i debatten om korleis vi skal bruke den nye bioteknologien. Barrieren for å delta i denne debatten har for dei aller fleste vore kunnskap. For korleis tileignar ein seg kunnskap om tema som svever langt over hovudet på dei fleste, og som høyrer heime ved forskingsfronten? Det er her Bratlie, med doktorgrad i molekylærbiologi, og Kvale, tidlegare kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet, lukkast. Dei forklarer på imponerande lettfatteleg vis korleis mennesket er skrudd saman, slik at vi forstår korleis teknologien fungerer om han vert teken i bruk.
Når det er sagt, vert eg raskt ganske matt av den heseblesande stilen dei legg opp til, med nye metaforar rundt kvar sving, men eg innser resignert at dette er tilpassa ei hektisk tid då alt må vere underhaldning. Og innhaldet er for viktig til å leggje boka vekk av den grunn.
Nye premissar
Boka er bygd over tre delar som handlar om byrjinga, midten og sluttfasen av livet. Fyrst altså om korleis bioteknologi kan sørgje for at du får friske barn sjølv om gena dine ikkje legg opp til det. For å forklare korleis dette kan skje, er den gjennomgåande metaforen at mennesket er ein smarttelefon eller ei datamaskin.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.