Bok
Midtausten er nærare enn vi trur
Tidlegare ambassadør til Saudi-Arabia Carl Schiøtz Wibye gjev oss ein grundig gjennomgang av noko vi har tenkt for lite over.
Ein mann demonstrerer mot Muslimbrørne i ein forstad til Kairo 1. februar 2014.
Foto: Ahmed Omar / AP / NTB
Denne boka saknar sidestykke i innførings- og debattlitteraturen om islam. Ho er ikkje sjokkerande nyskapande, men fungerer likevel som ein guide i eit landskap der vi ikkje er vane, enno, med å sjå landemerka. Her er mang ei aha-oppleving undervegs.
Vi har ein god del fagbøker og pamflettar på norsk med ulike kvalitetar som utfyller kvarandre, og etter kvart mykje omsett litteratur. Det vi får her, er likevel unikt; det er ei framstilling av korleis vi har importert islamismen i Midtausten.
Lærerikt drøftande
Dette er ikkje ei bok om islam, heller ikkje ein analyse av islamisme – men av kva det er for trekk ved islamismen som langt på veg er godtekne i Noreg og Norden. Bakgrunnen for slike utviklingsrekkjer er forklart gjennom om lag to tredjedelar av teksten. Her trekkjer forfattaren vekslar på si omfattande erfaring i teneste for norsk diplomati i dei landa det er tale om.
Dei mange glimta vi får av personlege opplevingar med folk, institusjonar og landskap, gjev snapshots inn i situasjonar som fungerer som dømesoger på korleis tilhøva artar seg for ein som vil skjøne menneskelege relasjonar og naturgjevne vilkår til like.
Den siste tredjedelen er meir av ein pamflett, men med ein ikkje-aggressiv argumentasjon, lærerikt drøftande. Her er både overraskande og nokre kjende døme på kva som har festa seg av meir og mindre offentleg godtekne praksisar i Noreg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.