Minneord: Jostein Fet (1924–2023)
Han knuste myten om analfabetane på bygdene.
Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
Da Jostein Fet vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Bergen i 2017, vart forskingsinnsatsen hans samanfatta slik: «Fet har levert ny innsikt i norsk kulturhistorie gjennom dei mange litteratursosiologiske forskingsarbeida sine, og har på eit viktig punkt revidert norsk historieskriving: Norske bønder på 1700- og tidleg på 1800-talet eigde bøker og var langt meir lesande og skrivande enn norske historikarar tidlegare har framstilt dei som.»
Orda var velfortente og dekkande og representerte eit høgdepunkt i eit livsløp som lenge følgde ein vanleg veg for gåverik bygdeungdom. Etter eit hovudfag i norsk litteratur arbeidde han i tre år på Telemark landsgymnas, før han vart lektor i norsk på lærarskulen i Volda i 1958. Rundt 1970 var han med og arbeidde for at det skulle leggast distriktshøgskular til bygdemiljø, og han vart sjølv ein av dei første tilsette ved høgskulen i Volda. Der brukte han hovudtyngda av arbeidskrafta si på undervisning og administrasjon, medan han samla forskingsmateriale på fritida. Først i 1995, fem år etter at han gjekk av som høgskuledosent, kom det som har vorte ståande som det første hovudverket hans, Lesande bønder.
Boka hadde undertittelen «Litterær kultur i norske allmugesamfunn før 1840» og representerte eit klart brot med det som enno var gjengs syn: Allmugen på bygdene var i hovudsak analfabetar fram til den store skuleutbygginga frå 1860 og frametter. Analysane vart førte vidare i oppfølgjaren Skrivande bønder frå 2003, der han gjekk gjennom eit stort utval skriftstykke frå bondehand. Da hadde delar av forskarverda teke til å ta inn over seg forskinga til Fet, men det er eigna til å forundre kvifor det tok så lang tid før synspunkta hans vart allment aksepterte.
Det var ikkje empirien det stod på, for den var botnsolid. Fet hadde gått igjennom alle registrerte skifte på Sunnmøre mellom 1690 og 1840, 12.570 i alt, saman med eit representativt utval skifte, i alt 4000, frå fleire andre sorenskrivardømme, og funne i alt over 14.000 bøker, som var godt spreidde både geografisk og sosialt. Talet var berre toppen av eit isfjell, meinte han, for det måtte ha vore mange bøker og prent som ikkje var funne verdige til å bli noterte i skifta.
Ei mogleg innvending mot påstanden om at bønder kunne lese og skrive, kunne vere at sjølv om dei åtte bøker, så var det ikkje sikkert at dei las dei. Fet argumenterte overtydande for at folk faktisk skaffa seg bøker for å lese, ikkje for å ha dei ståande som statussymbol. Innhaldet i bøkene gjer det sannsynleg. Det aller meste som vart registrert, var postillar, bønebøker, salmebøker og annan kristeleg litteratur, som i ei tid da pietismen og folkekristendommen var i sterk framvekst, vart brukte til å fremme og styrke trua. Sekulær opplysningslitteratur var det etter måten lite av, både fordi dette først vart vanleg mot slutten av perioden, og fordi folk som var interesserte, kunne låne bøker på dei første biblioteka som vart skipa i åra etter 1800.
Det er likevel mogleg resepsjonen av bøkene til Fet kan sette oss på sporet etter ei anna motsetning i norsk kultur og intellektuelt liv. Dei første som fagna dei lesande bøndene, var nynorskskrivande fagfolk som sjølve hadde bygdebakgrunn, som Ståle Dyrvik, som melde boka i Heimen, og Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, som skreiv eit lengre essay om boka i Prosa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.