Bok
Miriam, vondskapen og einsemda
Marte Mesna skriv med djup innsikt i det psykologiske maktspelet mellom folk.
Marte Mesna debuterer som romanforfattar.
Foto: Fartein Rudjord
«Om du hatar ein person, hatar du eitkvart ved han som er ein del av deg sjølv.» Så sa han Hermann Hesse, og utan å herma han Hermann har Marte Mesna skrive ei forrykande god debutbok med ein hovudperson som har forstått dette, ho Miriam, som me møter på fleire stadium i livet.
Dei fleste bolkane i romanen er anten frå 1998–1999 eller tjue år seinare. På slutten av nittitalet er Miriam elev ved dramalinja på ein vidaregåande skule. Elevane har fått ei prosjektoppgåve der dei skal skriva om pressedekking det siste tusenåret, ikkje mindre, fram mot tusenårsskiftet.
Pressedekking
Miriam sitt val er britisk pressedekking av saka om drapet på toåringen James Bulger, og dei to ti år gamle drapspersonane. Ein av vanskane Miriam støyter på i dette prosjektet, er at ho vert for engasjert i saka. Og på subtilt vis syner Mesna oss at den vondskapen som drap vesle James, ikkje er ulik reaksjonen på drapet, der dei to gutane vert demoniserte i pressa, utan at dei som såleis gav uttrykk for hatet sitt, forstod at ein sår tvil om sin eigen humanitet ved å dehumanisera andre.
Imellom dei ulike tilnærmingane til oppgåva får lesaren sjå korleis Miriam lever i lag med andre elevar, og me får mange og viktige gløtt attover i soga hennar, til ein anstrengt familiesituasjon. Miriam levde i lag med mora Helga og stefaren Arnt, og denne stefaren er skildra på imponerande vis. Han er tydelegvis ute etter psykologisk kontroll, men han er uberekneleg, og for meg ser det mest ut til at han ikkje eigentleg veit kva han vil, eller forstår posisjonen sin. Han stiller krav til Miriam som ho ikkje har nokon sjanse til å forstå, og tidt er irritasjonen hans utan konkrete koordinatar.
Kompliserte relasjonar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.