Bok
Misvisande om Det osmanske riket
Boka til Jan-Erik Smilden er ei innføringsbok i historia til Det osmanske riket, men også ei bok med ein klart uttrykt agenda.
I 1534 gifte sultanen seg med den ukrainske slavinna Roxelana. Alle samtidige portrett av ho er vestlege fantasiportrett. Dette maleriet av ein ukjend kunstnar er no i Jak Amran-samlinga i Istanbul.
Baksideteksta til En kort introduksjon til Det osmanske riket fortel at «opp gjennom historien har folk i Vest-Europa assosiert Det osmanske riket med blodtørstige sultaner, konkubiner og harem, barbari, muslimsk fanatisme og lokale herskere som utbyttet og plaget sine undersåtter. Denne karikaturen har siden levd i beste velgående». Boka vil syne at riket var meir «sammensatt og mangfoldig» enn dette.
Her er minst to problem: Det eine er at teksta sjølv gjev ein karikatur av det vestlege synet på osmanarane. Det andre er at ingenting av det som vert nemnt i sitatet, isolert sett er feil. Alt dette fanst i Det osmanske riket. Mykje av det fanst også i Vest-Europa. Men begge kulturane var sjølvsagt meir samansette og mangfaldige enn dette.
Karikaturar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.