Film

Moderleg motstand

Tyske Andreas Dresen har laga eit tradisjonelt drama med uvanleg tema frå den andre verdskrigen.
 

Hilde (Liv Lisa Fries) blir arrestert av Gestapo og hamnar i fengsel saman med sonen sin. Filmen er basert på ei verkeleg historie om Hilde Coppi og motstandsrørsla i Tyskland.
Publisert Sist oppdatert

Sommaren 1942 er Hilde Coppi (Fries) forelska i Hans Coppi (Hegemann). Dei driv kommunistisk motstandsarbeid mot krigsmakta. Den varme sommaren kjem i fargerike tilbakeblikk, medan hovudtråden byrjar med at Hilde blir arrestert hausten same år.

I fengsel er ho gravid, føder og ventar på det som kan vere ein dødsdom. Vakta Kühn (Wagner) vaker over fangane med streng mine.

Ny vinkel

Krigen med stor K pregar tysk film, som norsk. Mange kjenner store suksessar som Der Untergang (2004) av Oliver Hirschbiegel med Bruno Ganz, og siste vri på Intet nytt fra vestfronten (2022) av Edward Berger, som vann fire Oscar-prisar. Det er som regel mange menn og mykje kriging.

Regissør Andreas Dresen trekker fram andre ting i Berlin, sommeren 1942. Kamphandlingar er fråverande. Vi høyrer knapt om korleis det går med krigen. Våre heltar klistrar politiske meldingar i Berlins gater og sender meldingar til Moskva via radiosendar.

Forteljinga kretsar rundt kjærleik. Hilde føder i fengsel. Morskapet er eit emosjonelt sentrum i filmen. Originaltittelen viser til kjærleiken Hilde har til sonen og i brev til mora, medan den norske tittelen meir løftar fram romansen. Dresen dreiar fokus mot element som ikkje har dominert i krigsfilmhistoria. Den kommunistiske motstandsrørsla har vore lite synleg på film i dei kapitalistiske landa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement