Bok
Moderne barndom med klassisk vri
Fleire av forfattarane i barnebokhausten ser nærare på korleis det er å vekse opp i ulike typar moderne familiar. Harald Nortun og Heidi Linde skriv om ungar som strevar med konsekvensane av dei vala foreldra tek og har tatt. Både Sander i Blå flaggermus og Olivia i Olivias liv manøvrerer som best dei kan i ein kvardag der kjernefamilien i tradisjonell forstand er langt utanfor rekkevidde.
Sander og Olivia prøver å tenkje positivt og sjå lyst på situasjonen. Når det ikkje nyttar, tek dei grep og går til aksjon. Uventa hjelp utanfrå løyser flokane for begge to.
Sander og Tomas er bestekameratar, det er sommarferie, og til hausten skal dei byrje i sjuande klasse i lag. Tomas har familie og smarttelefon, og skal på ferie. Sander bur aleine med mor si, telefonen hans har verken kamera eller simkort, og ferie kan han berre drøyme om. Sander tenkjer om mor si at ho er eit romvesen: Ho vaskar rom på hotellet i bygda.
Blå flaggermus kan lesast på mange ulike måtar og kan difor fungere godt for ulike typar lesarar. Den gjennomgåande bodskapen dreier seg om eigenverd, fridom og integritet. Undervegs lukkast Nortun i å både underhalde, skape spenning og stoppe heilt opp ved ei uventa og poetisk sommarforelsking.
Trass i at draumen om ein ny mobiltelefon er ei drivkraft i forteljinga, minner skildringane om klassiske kameratskap i barnebokhylla, der naturen er leikegrind og autoritetar står for fall.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.