Musikk
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Også volum 5 i japanaren Masaaki Suzukis serie med alle Johann Sebastian Bachs (1685–1750) orgelverk er spelt inn i St. Georg-kyrkja i Grauhof; volum 4 kom i fjor. Denne katolske kyrkja søraust for Hannover hyser eit av Tysklands best bevarte barokkorgel: eit mektig instrument med tre manual (klaviatur) og pedal bygd av Christian Treutmann på 1730-talet. Treutmann finn me også nemnd i norske orgelbøker, for han var læremeisteren til Joachim Wagner som på byrjinga av 1740-talet bygde barokkorgelet i Nidarosdomen.
Orgel-Büchlein
Repertoaret på volum 5 er disponert på same måten som førre plate i serien: Mellom tre store preludium og fugar er der to avdelingar med til saman 20 orgelkoralar, med melodiar frå den lutherske salmeboka som er kunstferdig omarbeidde for orgel. Desse inngår i Orgel-Büchlein, «Den vesle orgelboka», eit omfattande kompendium med koralforspel som Bach byrja å komponera som hofforganist i Weimar i 1708.
Noteboka hadde på tidstypisk vis eit pedagogisk siktemål, nemleg «å gje den tilkomande organisten ei rettleiing i korleis han på ymse vis gjennomfører ein koral [salmemelodi], i tillegg til å fremja pedalspelet hans».
Dei fleste Orgel-Büchlein-stykka er eksemplariske miniatyrar som demonstrerer éin spesiell måte å omarbeida salmemelodien på. Dette gjer einskildverka svært ulike, og Suzuki greier med registreringa si – altså kva for pipetypar han nyttar – å få fram det særeigne ved einskildkomposisjonane.
Syndefall
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.