Musikk
Monumentet
John Butt tolkar Bachs kristelege og kunstnarlege credo.
La Cetra Basel framfører J.S. Bachs Messe i h-moll.
Foto: Martin Chiang
Messe i h-moll, BWV 232, er Johann Sebastian Bachs (1685–1750) siste og mest spektakulære korverk. Han samanfattar her form- og stiltrekk frå 200 års kyrkjemusikkhistorie – frå Palestrina til Pergolesi – med alt frå arkaisk polyfone satsar til elegante ariar moderne for si tid. Dei instrumentale solostemmene er så krevjande at jamvel dagens spesialiserte musikarar må ta seg saman for at det skal klinga bra.
Messa er myteomspunnen, for ho sprenger alle rammer for den lutherske liturgien i Bachs samtid, og me veit ikkje om han skreiv henne for gudstenesta eller ei samla framføring i det heile. På katolsk vis toneset han nemleg alle dei faste messeledda på latin. Lutheranarane pla berre musisera Kyrie- og Gloria-ledda; dei andre ledda gjorde dei om til salmar på morsmålet, sungne av kyrkjelyden.
Prøvesteinen
Bach arbeidde med komposisjonen gjennom store deler av yrkeskarrieren. Den eldste delen blei til medan han stod i sin mest intense kunstnarlege flor i 1724, medan dei siste satsane blei skrivne med skjelvande hand og sviktande syn i dei siste leveåra hans.
Kvifor han bala til sin døyande dag med å fullføra ei liturgisk «ubrukeleg» messe, utan noka samla framføring i sikte, veit me ikkje. Men eg trur han slik ville etterlata seg eit musikalsk monument over livsgjerninga si – i form av eit koherent meisterverk som demonstrerte at han rådde over alle kyrkjemusikkens former.
Å tolka denne messa er prøvesteinen på dugleiken til alle Bach-dirigentar. John Butt har no avlagt sin prøve, med orkesteret og koret La Cetra Basel. At framføringa er teknisk solid og musikalsk gjennomtenkt, høyrer me alt i den fyrste Kyrie-satsen (CD 1, spor 1), der fugetemaet i den instrumentale innleiinga har gjennomtenkt artikulasjon. Med fin veksling mellom stakkato og legato imiterer instrumenta nemleg artikulasjonen i orda «Kyrie eleison».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.