Bok

Mor, dotter og skilsmisser

Journalist Hanna Stoltenberg pangdebuterer med ein finurleg roman om korleis vi gjer oss til for kvarandre.

Hanna Stoltenberg er fødd og oppvaksen i Oslo og har arbeidd som frilansjournalist.
Hanna Stoltenberg er fødd og oppvaksen i Oslo og har arbeidd som frilansjournalist.
Publisert Sist oppdatert

Romanen eg set høgast av alle, er Tilværelsens uutholdelige letthet. Medan eg les Hanna Stoltenbergs debutroman, Nada, forstår eg kor mykje tematikken i Kunderas roman kan ha å seie for at eg likar debutromanen så godt. Dette med kva det kostar å vere fri, og kva det på andre sida kostar å ha forpliktingar, er noko eg trur mange av oss tenker på kvar einaste dag, og kanskje finst det ikkje noko emne som kler litteraturen betre enn dette. Og det finst nok ikkje noka kunstform som kler emnet betre enn litteraturen. Det er likevel godt gjort å debutere med ein så sterk tekst om dette temaet som Hanna Stoltenberg gjer med Nada.

Lite kontakt

Det er Karin vi blir best kjent med i romanen, dernest dottera Helene, begge vaksne. Helene er gift tobarnsmor, Karin er evig einsleg, men stadig på nye eventyr. Kvinnene har ikkje mykje kontakt, og dei har ulike forventningar til mor–dotter-forholdet: Helene vil ha hjelp til praktiske ting, som barnepass, medan Karin ønsker seg dei gode samtalane. Vi får vite at Karin var ei noko fråverande mor i barndommen, og Helene held seg nok litt på avstand på grunn av det. Men så hender det utenkelege: Mannen hennar, Endre, er utru, og då er Karin, som ho òg stort sett kallar mor si, den mest naturlege å vende seg til; dette veit jo Karin mykje om.

Endre har fått ein så sterk lidenskap for yoga at han har falle for ein instruktør. Stoltenbergs observasjonar frå dette miljøet og bloggen til yogainstruktøren er svært skarpe og vittige: «Det er som om hun ’har fått installert en tappekran med uendelig kosmisk energi i brystet’, hun våkner ’euforisk’ hver morgen.» I det heile er romanen i stor grad ein satire: Forfattaren viser oss kor latterlege vi er når vi på vegen til å finne oss sjølve, endar opp med å miste oss sjølve, om det er ved hjelp av meditasjon og råvegansk kosthald eller nettdating og store barrekningar.

Blikket

Dette med sjølvet er sentralt her. Kven er vi, kven vil vi vere og kven prøver vi å sjå ut som vi er? Etter kvart som eg les, legg eg merke til at Stoltenberg stadig vekk skildrar utsjånaden til folk nokså omgåande, og då er det gjerne snakk om attributt dei har valt sjølve, som hårfrisyre, klede og sminke. Det er stilig gjort. Og under alt dette har vi alle ein kjerne, nokon med meir innhald enn andre, ifølge Karin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement