Film
Mord og andre elendige idear
På tide å leggja opp no, Woody Allen.
I Coup de Chance (Et lykketreff) er Woody Allen regisør.
Foto frå Filmweb
Livet som rik trofékone passar eigentleg Fanny (de Laâge) godt, så når den rufsete forfattarspira og tidlegare skulekameraten Alain plutseleg dukkar opp på gata i Paris, vert det full forvirring inni henne. Den tilsynelatande perfekte og inkjeanande ektemannen hennar, Jean, luktar likevel lunta og blir frå seg av fortviling over den hemmelege affæren. Heldigvis løyser pengar dei fleste problem.
What’s up?
Ja, kor skal ein byrja? Med å seia at Woody Allen ikkje burde fått ei plattform for filmane sine sidan han har eit tvilsamt rykte? Med å seia at han moglegvis er for gamal til å dra det i land med sine snart 89 år? Med å seia at han burde halda seg til det han ein gong var god på? Eigentleg kan ingen av desse utsegnene brukast, sjølv om dei kanskje kan ha påverknad på produktet, kvar på sin måte.
Det som derimot er ganske innlysande, er at han på ingen måte har laga noko nytt meisterverk – igjen. Eg byrjar synast det mest imponerande med nok ein Woody Allen-film er at han finn nokon som gidd finansiera desse uinteressante, halvkvedne, klisjéfylte filmane. Eg skal innrømma at eg ikkje har sett alle dei siste filmane hans, men eg har sett rundt førti av dei til no 57 filmane, inkludert alle frå debuten What’s Up, Tiger Lily? (1966) og fram til The Curse of the Jade Scorpion (2001), men herifrå var tolmodet i ferd med å ta slutt. Til å vera ein såpass stor Allen-fan, gidd eg altså ikkje alltid eingong sjå filmane han kjem med. Difor kan eg like godt bruka spalteplassen på å skriva om Allen-filmane generelt som på å skriva om kor middelmåtig Coup de Chance er.
Betre før
Det skjedde noko då Woody Allen fekk augo opp for Europa. Vekke frå heimebane, frå det ruskete New York, frå den tørrvittige amerikansk-jødiske bakgrunnen, så blei det berre overklasseproblematikk igjen og endelause klisjear av fransk, spansk og engelsk opphav. Eller var eigentleg dei gamle klassikarane Annie Hall (1977), Broadway Danny Rose (1984) eller til og med Harry bit for bit (1997) så mykje betre? Hundre tusen gonger ja! Det er nesten ikkje til å tru at det er same person som har skrudd saman Coup de Chance, at nokon kan skriva manuset til både Zelig (1983) og dette oppgulpet her. Når det er sagt: her er jo innslag ganske tidleg som peikar mot denne rare vrien med å rydda potensielle kjærleiksrivalar av banen som oppstår på verste vis i Coup de Chance. Mord og andre misforståelser (1989) og Manhattan mordmysteriet (1993) er likevel aldeles milevis frå, då dei er oppfinnsame, morosame, kløktige og med ei knallbra rollebesetning – alt som Coup de Chance ikkje er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.