Film
Mordar jord
Miljøskrekk frå Sør-Afrika kombinerer røter og nyskaping nok til at ein blir nyfiken.
Dommedagsvaktarane Barend (Carel Nel) og sonen Stefan (Alex van Dyk) er skeptiske til alt moderne.
Foto: Another World Entertainment
Skogvaktaren Gabi (Rockman) og kollegaen padlar innover i djupe skogar for å sjekke kamera. Når Gabi skal finne att ein drone som fell ned, kjem dei frå kvarandre. Gabi går i fella til merkelege Barend (Nel) og sonen Stefan (van Dyk). Dei to er båe dekte av leire og ber pil og boge. Dei ber òg på ein ekstrem skepsis til alt moderne. Noko er på ferde i skogen. Sopp breier aggressivt om seg. Moder jord har sitt å utsetje på menneska og går til motangrep, messer Barend.
Superfungi
Nokre klisjear frå kjende skrekkoppskrifter plagar meg i byrjinga, som openbert dumme val og teite tilfelle av slump. Vi veit godt kven som døyr først. Kameraet kvilar i kjent stil på kvinnekroppen. Insisterande skrekkmusikk må heldigvis etter kvart vike for lyden av tre som knirkar. Det er jo ein god lyd, men skrudd opp til elleve blir det skummelt.
Supersoppen som angrip, er ikkje moro. Den populære sjangeren økologisk skrekk har godt av ein variant der det ikkje er ekle mutantar av forureining, men vridd natur som truar. Alle dei vakre soppane og trea gjer seg visuelt.
Sekters gang
Gabi har forvilla seg inn i eit mørkt hjarte av skogen som slektar på stemninga frå Joseph Conrad. Tittelen Gaia viser til den greske gudinna som nær sagt var jorda i eigen person. Barend ber til jorda, men ber òg dels på kristen logikk og moral.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.