Film
Mørk dag, lys natt
Eg blir ikkje heilt klok på Natt, som er både eit pluss og eit minus.
Dødssjuke Emma (Guri Glans) prøver å unngå at den valdelege eksmannen (Jørgen Langhelle) skal få omsorga for borna etter at ho er død.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Tobarnsmor og lege Emma (Glans) får brått beskjed om at ho har berre nokre månader att å leva, og då hastar det med å få avklart at den valdelege eksmannen (Langhelle) får omsorgsansvar for ungane. For at veninna (Tank) skal få hovudomsorga, må Emma gjennom eit rettssystem og møter heldigvis på juristen med hjarte av gull (Rafaelsen).
Kamera går
Det er relativt kort tid sidan sist Mona J. Hoel-film hadde kinooppsetjing, då med dogmeinnspelte Skal dere gå allerede? (2019) som hadde lege over ti år urørt før han blei klipt saman. Den handhaldne kamerastilen med naturleg lyssetjing, altså Lars von Triers dogmemetode, er for det meste bytt ut med profesjonell kameraføring.
Eg seier «for det meste» fordi ein del av klippa frå Nord-Noreg til tider er så grumsete og uklare at eg knapt kan tru det er same Andreas Hoft som filmar både dette og resten av filmen. Det gjev eit amatørpreg til delar av filmen som eg synest bryt med den proffe og nesten glatte produksjonen elles. Men det kan vel vera tilsikta, all den tid hovudpersonen opplever ei meir grumsete røynd sjølv på akkurat denne turen nordover?
På liv og død
Det skortar ikkje på dei store spørsmåla i Natt, likevel brukar ikkje eigentleg regissøren tida på Emma for å utbrodera vidare at ho faktisk skal døy om kort, kort tid. Her er det viktigare å få fram at ungane er det einaste som betyr noko, at dei må få veksa opp trygge og gode, sjølv utan mor.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.