Film

Mot i brøsta

Denne turen kunne eg lett stått over.

Janne Formoe, Line Verndal og Ida Ursin-Holm spelar trioen som er på jentetur med typiske aktivitetar som spa.
Janne Formoe, Line Verndal og Ida Ursin-Holm spelar trioen som er på jentetur med typiske aktivitetar som spa.
Publisert

Det skal ikkje vera lett å vera Linda (Formoe), fråskild mor i førtiåra med eit komplisert forhold til eksmannens nye, unge sambuar og influensarkjendis Jeanette (Ursin-Holm). Samtidig blir det krøll på alle trådar når besteveninna Sigrid (Verndal) viser seg å henga med nettopp Jeanette. Her er det berre å ha seg til høgfjellshotells!

Bobleklossar

Intrigar, drama, sjalusi, desperasjon, sjampis, sjokolade, meir intrigar, meir sjampis og masse meir sjokolade – klassisk for ein skikkeleg jentefilm, ikkje sant? Nei, vent, jentefilmar kan sjølvsagt òg vera på kanten, så her må det masse snakk om sex til, og den beste ingrediensen av alt: hårvoksing nedantil. Då blir det morosamt, då!

Det burde ikkje overraska at produsentane bak nyinnspelinga av Norske byggeklosser køyrer eit tradisjonelt opplegg når dei lagar ein film med tittelen Jentetur. Originalitet og nyansar burde vera råd å få inn også i denne sjangeren etter kvart – det er over ti år sidan Bridesmaids, folkens!

Neia

Klart det skal vera lov å le av klisjeen om midtlivskrisemannen som finn seg ung, pen dame. At det ikkje nødvendigvis stemmer særleg godt, er underordna. Hemnmotivet får ikkje utfalda seg viss me prøver å laga realistiske framstillingar av skilsmisser, og utan hemn ingen komikk. Eg vil framleis seia at ørlitt finesse har aldri teke livet av nokon, og her er det så breie strok at komikken sjølvdaudar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement