Teater

Møte utan kontakt

Ein ung manns avskilsreise er trist, men aldri heilt rørande.

Carl Martin Eggesbø spelar hovudrolla som den heimvende sonen.
Carl Martin Eggesbø spelar hovudrolla som den heimvende sonen.
Publisert

Det er ikkje heilt lett å skjøne at stykket scene 2 no spelar, byggjer på eit skodespel som i filmatisert form har vunne pris i Cannes og er skrive av ein alt legendarisk dramatikar.

Framsyninga som her vert presentert, verkar merkeleg usamanhengande, fragmentarisk og nærast utan haldepunkt i det stykket skal handle om, ifølgje førehandsomtala.

Ein ung mann kjem heim til familien, for fyrste gong på mange år, for å fortelje dei at han skal døy. Han får aldri heilt sagt det.

Distansert

Alle har nok med sitt, dei er bitre både på han og på eige liv. Dette er for så vidt eit skarpt og kraftig utgangspunkt for eit drama. Men så distansert og outrert som personskildringane fortonar seg her, nærast som parodiar på mennesketypar, får vi aldri nokon medlevande kontakt med dei.

Den evnerike unge Carl Martin Eggesbø syner eit imponerande fysisk overskot i ei ti minutts danseinnleiing. Det blir berre så altfor lenge, og vi får aldri noka forklåring på kvifor stykket skal byrje slik. Heller ikkje skjøner vi kva som er meininga med scenografien, ei elefantisk airconditionvifte av lysrøyr.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement