Bok
Muntert morbid
Her er boka for deg som saknar Erlend Loe på sitt beste.
Mari Kjos Hollum er litteraturvitar og debuterer som forfattar med romanen om Glenn Johansen.
Foto: Paal Audestad
Glenn Johansen prøver å henge seg, men feilar då røret han har festa tauet i, bryt sund. Røret er produsert av bedrifta han er tilsett i. Debutant Mari Kjos Hellum har med andre ord skrive fram ein ytst tragikomisk figur, og tittelen på boka er sjølvsagt noko ironisk meint.
Glenn er middelaldrande og nyskild, mot sin vilje. Det han har av sosialt liv, anna enn korte overflatiske samtalar med arbeidskollegaer, er naboen som kjem innom i tide og utide for å skryte av seg sjølv. Alt anna brukte kona å organisere. Dette høyrest kanskje trist ut, men tonen i forteljinga er humoristisk og munter. Og så skal det vise seg at brot av og til kan vere det beste som kan skje ein.
oppvekstroman
Sjølv om boka handlar om ein vaksen mann, minner ho nesten om ein oppvekstroman i det at vi følger Glenn gjennom ein tøff periode der han endar opp med å finne seg sjølv. Han har levd i 50 år utan å akseptere den han er.
Glenn er ei sosial kløne, men mest handlar einsemda om at han kjenner seg utanfor åleine i eit jovialt miljø der båtar, golf, hytter og oppussing er gjentakande samtaleemne. Sjølv trur han at han ville vore meir komfortabel med «å snakke med både prostituerte og nazister enn å snakke med naboer».
Heile vegen opplever eg at eg har lese noko liknande før, at Hellum minner meg om ein annan forfattar eg set pris på. Eg tenker mykje på Kjersti Anfinnsen som òg skreiv ein munter og god debut om ein livstrøtt vaksen mann, og det er så absolutt eit slektskap der. Men så slår det meg brått: Det er Erlend Loe eg kjenner igjen, særleg i måten Hellum peikar på det etablerte: grillfestar på 17. mai, reker og øl i Kragerø, fotballkampar i opptak. For oss som koste oss med Naiv. Super og Doppler, er Hellums bok ei gåve, men ho står for all del på eigne bein òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.