Musikal i det makabre Roald Dahl-landet
Typisk dahlsk barneforteljing er energisk og morosam i musikalvariant.
For første gong er musikalen om Matilda sett opp på ei norsk scene.
Foto: Scenekvelder
Den genetisk norske Roald Dahl kjenner vi både som novelleforfattar med galgenhumoristiske sluttpoeng og som ein appellerande eventyrforteljar, med historier om flinke og kloke born i strid mot slemme og dumme vaksne. Barneboka Matilda er frå siste fasen i forfattarskapet hans, men svært karakteristisk for han. Musikalversjonen av boka går no på Folketeateret i Oslo etter mange års sigersgang i både USA og Europa.
Historia om vesle evnerike Matilda som er miskjend og vanskjøtta av monstrøse foreldre, men likevel utmerker seg både sosialt og intellektuelt, kan på overflata sjåast på som ein tåredrypande tragedie. Men då hadde det ikkje vore Roald Dahl. Typisk nok er det dei slemme vaksne som òg vert dei mest komiske og underhaldande, trass i sjarmerande og imponerande innsats frå både Matilda-skodepelaren og alle dei andre yngste aktørane.
I eit scenebile pryda av enorme scrabble-bitar med bokstavar går denne musikalframsyninga i ein fartsfylt virvel, spelemessig, songleg og koreografisk på høgaste nivå. Den populære TV-komikaren Robert Stoltenberg gjer musikaldebut som diabolsk kvinneleg overlærar. Han overtyder ikkje heilt som dame, men som sceneartist må han berre ynskjast hjarteleg velkomen.
Ensemblet er i det heile storarta, men ein kan ikkje unngå å smelte ekstra for dei fæle foreldra til Matilda, Frithjof Saaheim og ikkje minst herlege Siren Jørgensen, eit vedunderleg bergensk hespetre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.