Musikk
Musikalsk målstrev
Komponisten Monrad Johansen sokna soleklart til somewheres.
Komponisten David Monrad Johansen (1888–1974)
Foto: Nasjonalbiblioteket
Som faneberar for den nasjonale lina i kunstmusikken var nordlendingen David Monrad Johansen mellom dei mest markante komponistane i den norske mellomkrigstida. Griegs arv var tung å bera for dei unge nasjonale, for korleis skulle dei finna si eiga røyst i norsk tonekunst?
Monrad Johansen streva lenge med dette. Noko av det som gjer musikken hans så interessant, er at han skifte retning fleire gonger gjennom karrieren. Stilskifta høyrer me tydeleg på Christiania Mannskors fine plate, der også nokre stykke av son hans, Johan Kvandal (1919–1999), blir framførte. I det fylgjande er det farens verk som skal framhevast.
Heim og ætt
I debatten om politiske skiljeliner blir det for tida tala mykje om skilnaden mellom somewheres og anywheres. Den fyrste gruppa, som kan kallast «nærveljarar», tek politisk standpunkt ut ifrå tradisjonelle verdiar og tilknyting til det lokale. Den andre, «globalveljarane», er internasjonalt orientert og set personleg og profesjonell utvikling framfor heimstad og tradisjon.
Som menneske og musikar sokna Monard Johansen soleklart til somewheres. «Netop fordi musiken er det mest følsomme uttrykk for et folks lynne, er den i saa høy grad betinget av omgivelsene», konkluderte han i eit føredrag i 1924, og la til: «At ville benekte at kunsten er stedegen er det samme som at benekte det individuelle, det personlige i den.» Eit nasjonalt tonespråk burde vera målet, og ikkje «musikalsk kommunisme». Under krigen melde han seg forresten inn i NS, noko han til kunstnar å vera blei straffa uvanleg hardt for (fem og eit halvt år tvangsarbeid, seinare redusert til fire).
Ætta adlar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.