Arkivet 1964: Symjing med Sly Stone
«House of the Rising Sun» med Dylan inspirerte The Animals.
Den 5. september 1964 gjekk Newcastle-gruppa The Animals til topps på den amerikanske singellista Hot 100 med ein hard rhythm & blues-versjon av ei tradisjonell folkevise.
Bandet overrumpla alle med den svarte kvaliteten i røysta til Eric Burdon, dei hypnotiske gitarakkordane til Hilton Valentine og det mektige orgelet til Alan Price over ein tett rytmeseksjon. Over fire minuttar speletid var også langt over normalen for singlar, men det var ikkje eit sekund i overkant.
Appalachia-songaren Clarence Ashley var ein gong tidleg på 1930-talet den første til å spele inn denne balladen i USA. Han skal ha lært songen av bestefaren. I svart tradisjon spelte bluessongaren Texas Alexander inn «Rising Sun Blues» i 1928.
I engelsk folkemusikk finn ein spor av songar som åtvarar mot å oppsøke vertshus med tvilsamt rykte, tilbake til 1700-talet, men versjonen til The Animals bygde på den friserte framføringa til Bob Dylan på debut-LPen frå 1962.
The Animals detroniserte The Supremes, som debuterte på førsteplass veka før med Motown-glitrande «Where Did Our Love Go». Så på femteplass føregreip danselåten «C’mon & Swim» med Bobby Freeman psykedelisk soul med fleire år. Produsert av ein ung Sly Stone.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Den 5. september 1964 gjekk Newcastle-gruppa The Animals til topps på den amerikanske singellista Hot 100 med ein hard rhythm & blues-versjon av ei tradisjonell folkevise.
Bandet overrumpla alle med den svarte kvaliteten i røysta til Eric Burdon, dei hypnotiske gitarakkordane til Hilton Valentine og det mektige orgelet til Alan Price over ein tett rytmeseksjon. Over fire minuttar speletid var også langt over normalen for singlar, men det var ikkje eit sekund i overkant.
Appalachia-songaren Clarence Ashley var ein gong tidleg på 1930-talet den første til å spele inn denne balladen i USA. Han skal ha lært songen av bestefaren. I svart tradisjon spelte bluessongaren Texas Alexander inn «Rising Sun Blues» i 1928.
I engelsk folkemusikk finn ein spor av songar som åtvarar mot å oppsøke vertshus med tvilsamt rykte, tilbake til 1700-talet, men versjonen til The Animals bygde på den friserte framføringa til Bob Dylan på debut-LPen frå 1962.
The Animals detroniserte The Supremes, som debuterte på førsteplass veka før med Motown-glitrande «Where Did Our Love Go». Så på femteplass føregreip danselåten «C’mon & Swim» med Bobby Freeman psykedelisk soul med fleire år. Produsert av ein ung Sly Stone.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media