Musikk

Arkivet: Darlene Love

Publisert

Phil Spectors julealbum A Christmas Gift for You er 60 år.

Dokumentarfilmen 20 Feet from Stardom synleggjer kvinnelege bakgrunnsvokalistar som fekk stjernene til å skine. Darlene Wright var solosongar i harmonigruppa The Blossoms frå Los Angeles. Korkje Darlene eller gruppa blei kjende, men stjernene dei song med, blei større: Sam Cooke, Ray Charles, Bobby Darin.

1962 var året for jentegrupper. Phil Spector var sjefprodusenten i sjangeren og fekk ein stor hit med The Crystals og «Uptown». Låta «He’s a Rebel» skulle vere ein perfekt oppfølgjar, men det hasta med innspelinga. The Crystals hadde ikkje høve til å reise frå New York, så Spector blei tipsa om gruppa til Darlene Wright i staden.

«He’s a Rebel» blei den første nummer éin-hiten til Phil Spector, og på bakvendt vis den einaste til The Crystals, for det var dei som fekk artistkrediteringa, korkje The Blossoms eller Darlene Wright. Ho fekk eit flatt honorar på 3000 dollar for studiojobben og blei favorittsongarinna til Spector. Han kalla henne opp etter gospeldronninga Dorothy Love Coates og blei til Darlene Love.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement