Arkivet: Françoise Hardy
(17. januar 1944–11. juni 2024)
Den mjukt pustande og kviskrande songrøysta har stilna.
Françoise Hardy
Foto via Wikimedia Commons
Françoise Hardy var sval, høg og slank, med lang pannelugg. Vakker som ei openberring. Fjern og mystisk. Eit ikon av fransk cool. Fotografen Jean-Marie Périer fekk ho inn i motehus og -magasin, men Hardy ville skrive og synge melankolske songar om den umoglege kjærleiken.
Ho voks opp i Paris, med ei aleinemor som var rekneskapsførar. Faren var direktør og gift med ei anna kvinne. Han kjøpte rett nok gitar til dottera si, som lærte seg tre grep, franske chansons og songane til Elvis, Everly Brothers og Cliff Richard på Radio Luxembourg. Slik kom ho inn i den franske yé-yé-bølgja som svarte på den engelske beatmusikken med tekster på eige språk.
Den unge jenta vart stjerne over natta med det som blei signatursongen: «Tous les garcons et les filles». Han toppa hitlistene i 15 veker gjennom hausten 1962 og våren 1963. Mange kjenner låta berre frå 1990-talsserien Helene og gutta, men eg veit om ein som har 26 EP-ar med Hardy.
Coveret til den bestseljande EP-en frå 1964.
Yé-yé-bølgja varte ikkje lenge, men det gjorde Hardy, som utvikla seg som artist og søkte stadig nye samarbeidspartnarar gjennom ein lang platekarriere. Til slutt måtte ho gi etter for kreftsjukdommen. No har den mjukt pustande og kviskrande songrøysta stilna.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Françoise Hardy var sval, høg og slank, med lang pannelugg. Vakker som ei openberring. Fjern og mystisk. Eit ikon av fransk cool. Fotografen Jean-Marie Périer fekk ho inn i motehus og -magasin, men Hardy ville skrive og synge melankolske songar om den umoglege kjærleiken.
Ho voks opp i Paris, med ei aleinemor som var rekneskapsførar. Faren var direktør og gift med ei anna kvinne. Han kjøpte rett nok gitar til dottera si, som lærte seg tre grep, franske chansons og songane til Elvis, Everly Brothers og Cliff Richard på Radio Luxembourg. Slik kom ho inn i den franske yé-yé-bølgja som svarte på den engelske beatmusikken med tekster på eige språk.
Den unge jenta vart stjerne over natta med det som blei signatursongen: «Tous les garcons et les filles». Han toppa hitlistene i 15 veker gjennom hausten 1962 og våren 1963. Mange kjenner låta berre frå 1990-talsserien Helene og gutta, men eg veit om ein som har 26 EP-ar med Hardy.
Coveret til den bestseljande EP-en frå 1964.
Yé-yé-bølgja varte ikkje lenge, men det gjorde Hardy, som utvikla seg som artist og søkte stadig nye samarbeidspartnarar gjennom ein lang platekarriere. Til slutt måtte ho gi etter for kreftsjukdommen. No har den mjukt pustande og kviskrande songrøysta stilna.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?