Musikk
Arkivet: Keyboard Fantasies (1986 og 2021)
Beverly Glenn-Copeland.
Foto: Juri Hiensch
På tampen av året som gjekk, fann eg vegen til Beverly Glenn-Copelands Keyboard Fantasies (1986), eit album eg aldri hadde lytta til før, og som eg oppdaga på grunn av Keyboard Fantasies Reimagined, som vart sleppt i midten av desember. Som tittelen lovar, er sistnemnde ei nytolking av materialet på førstnemnde og på sitt vis ein framifrå døropnar og hyllest til ei plate og ein artist som har fått eit nytt publikum dei siste åra.
Songaren, komponisten og transkjønnsaktivisten Glenn-Copeland laga musikk alt tidleg på 1970-talet, men det var kjøpet av ein Atari-maskin og ein trommemaskin som førte med seg arbeidet med det som skulle verte Keyboard Fantasies. Berre nokre titals kopiar skifta hender, men plata vart ei kultutgiving i ordets sanne tyding, med få, lidenskaplege lyttarar, som omfatta ein særleg iherdig japansk samlar, og han vart viktig når det gjaldt å opne fleire auge for musikken.
Når profilar som Julia Holter, Blood Orange og Bon Iver tek tak i Glenn-Copelands keyboardfantasiar frå midten av 1980-talet, trekkjer dei også liner inn i vår samtids musikk. Sistnemnde kallar versjonen sin, som er laga saman med Flock of Dimes, ein rework, medan dei to andre brukar omgrepet remix.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.