Arkivet: Kronår for Tanya Tucker
Tanya Tucker var ein yppig fjortenåring då ho ga ut debut-LP-en Delta Dawn i 1972. Nashville-produsenten Billy Sherill var ein ringrev som visste at kjernen i all countrymusikk er storytelling, og handplukka vågale songar tilpassa den djupe og twangy røysta til Tanya. Cowboyjenta høyrdest ut som ei krysning av Nancy Sinatra og Brenda Lee og gjekk rett heim hjå publikum i ei kulturell brytningstid for USA.
Tittelsporet på Delta Dawn blei ein gigantisk hit til liks med albumet. Hovudpersonen i songen er ei jente så fager som daggry over Mississippi, men livet hennar blir ein sørstatsgotisk fabel om forelsking, småbysladder og galskap. Dei to påfølgjande LP-ane er også milepålar: What’s Your Mama’s Name med tragedien «Blood Red and Goin’ Down» og Would You Lay With Me (In a Field of Stone), der tittelsporet, som blei ein nr.1-hit, gjorde at David Allen Coe, som hadde skrive teksta, fekk fart på eigen karriere.
Som vaksenartist blei Tucker meir mainstream, men i 2019 var ho sterkt tilbake med While I’m Livin’ med radarparet Brandi Carlile og Shooter Jennings som produsentar. Dei står også bak Sweet Western Sound, ei av dei beste americanaplatene i 2023, året då Tanya Tucker også fekk plass i Country Music Hall of Fame.
Ho høyrest framleis ut som jentungen frå 1972.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Tanya Tucker var ein yppig fjortenåring då ho ga ut debut-LP-en Delta Dawn i 1972. Nashville-produsenten Billy Sherill var ein ringrev som visste at kjernen i all countrymusikk er storytelling, og handplukka vågale songar tilpassa den djupe og twangy røysta til Tanya. Cowboyjenta høyrdest ut som ei krysning av Nancy Sinatra og Brenda Lee og gjekk rett heim hjå publikum i ei kulturell brytningstid for USA.
Tittelsporet på Delta Dawn blei ein gigantisk hit til liks med albumet. Hovudpersonen i songen er ei jente så fager som daggry over Mississippi, men livet hennar blir ein sørstatsgotisk fabel om forelsking, småbysladder og galskap. Dei to påfølgjande LP-ane er også milepålar: What’s Your Mama’s Name med tragedien «Blood Red and Goin’ Down» og Would You Lay With Me (In a Field of Stone), der tittelsporet, som blei ein nr.1-hit, gjorde at David Allen Coe, som hadde skrive teksta, fekk fart på eigen karriere.
Som vaksenartist blei Tucker meir mainstream, men i 2019 var ho sterkt tilbake med While I’m Livin’ med radarparet Brandi Carlile og Shooter Jennings som produsentar. Dei står også bak Sweet Western Sound, ei av dei beste americanaplatene i 2023, året då Tanya Tucker også fekk plass i Country Music Hall of Fame.
Ho høyrest framleis ut som jentungen frå 1972.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.
Fleire artiklar
Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.
Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB
Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza
Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.
Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.
Foto: Aurel Obreja / AP / NTB
Moldova i skvis
Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.
Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.
Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB
Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon
«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»
I november 2017 besøkte president Donald Trump kollegaen Xi Jinping i Beijing. Same året tok handelskrigen mellom USA og Kina til.
Foto: Damir Sagolj / Reuters / NTB
Det som kjem etter globaliseringa
35 år etter at Berlinmuren fall og liberalismen såg ut til å ha vunne, reiser tollmurane seg i verda.
Gatekunsten på denne muren i Kyiv er basert på kunsten til Marija Prymatsjenko, som ukrainarane no omfamnar.
Foto via Wikimedia Commons
Naiv kunst og nøktern røyndom
Dei naivistiske dyrefigurane til Marija Prymatsjenko har blitt viktige for gjennomsnittsukrainaren, som kjempar vidare i trua på mirakel.