Arkivet: Metallicas svarteliste
Metallica i høve Disneys nye film, «Jungle Cruise».
Foto: Offisielt promobilde Metallica Foto: Offisielt promobilde Metallica
Metallica i høve Disneys nye film, «Jungle Cruise».
Foto: Offisielt promobilde Metallica Foto: Offisielt promobilde Metallica
Det har gått tretti år sidan Metallica gav ut sitt sjølvtitulerte album, som også fekk namnet The Black Album og toppa lister over heila verda. Låtar som «Enter Sandman» og «Nothing Else Matters» gjorde det røffe bandet folkekjært, noko eg ikkje minst fekk stadfesta då gutungen kom heim frå barneskulen for nokre år sidan med eit ark i sekken som viste at klassa skulle framføre sistnemnde hit i korversjon på avslutninga den våren.
Med Metallica erobra bandet MTV og radioens alskens sendeflater til alle tider på døgnet, og fylte arenaer overalt, ja, dei nådde heile vegen inn til hjarta til landets framtidige barneskulelærarar i deira forhåpentleg viltre ungdomstid.
Ikkje anna å vente at bandet gir ut plata på nytt for å feire, men skikkeleg artig vert det med The Metallica Blacklist (Universal), ei plate der ein heil haug med prominente artistar lagar sine versjonar av låtane på albumet. Der er variasjonen stor, men eg skal ikkje klandre deg om du er nyfiken på korleis det høyrest ut når Phoebe Bridgers framfører ein funklande, nyfødd «Nothing Else Matters» eller saksofonist Kamasi Washington pustar liv i «My Friend of Misery».
Det er mykje, mykje, mykje meir på dette albumet, som viser breidda i artistane som har late seg inspirere av Metallica opp gjennom – den er saktens stor.
Øyvind Vågnes