Kortstokken har inspirert både Dylan-songen «Lily, Rosemary and the Jack of Hearts» og «Queen of Hearts», som perfekt Juice Newton-pop for det promiskuøse 1980-talet.
I blues og balladar står kortstokken for lukke og ulukke i ei hard verd. Stagger Lee skaut og drap Billy Lion som skulda han for juks i kortspel. I 1951 skåra r&b- og dragartisten Billy Wright med «Stacked Deck», der han spelar kort med kjærasten: «The Ace is for the first time that I met you/ Deuce that’s the second time that there was no one but just us two/ Trey that’s the third party, and darling you know his name.» Billy har fått nok.
Han treng ein slik bibelkortstokk som den syngande cowboyen Tex Ritter resiterte om i «Deck of Cards». Ein amerikansk soldat under andre verdskrigen får reprimande av di han bladde i kortstokken under gudstenesta. Han fortel kommandanten «I look at the Ace, it reminds me that there is but one God.» Toaren seier at Bibelen har både eit gamalt og nytt testamente. Trearen er den treeinige Gud.
Nyinnspelinga til Wink Martindale i 1959 vart covra internasjonalt, men fullt hus fekk den finske nasjonalhelten Tapio Rautavaara. Han var popsongar og spydkastar, med OL-gull frå 1948. Hans «Kortipakka» står til gull.
Øyvind Pharo
Øyvind Pharo er litteraturvitar, musikkskribent og DJ.