Musikk

Arkivet: Vince Guaraldi

Vince Guaraldi (t.v.), Bernard Bragg og Don Freeman i eit fjernsynsstudio i 1961.
Vince Guaraldi (t.v.), Bernard Bragg og Don Freeman i eit fjernsynsstudio i 1961.
Publisert Sist oppdatert

For fleire i min generasjon er dei første møta med teiknefilmane om Knøttene, baserte på teikneseriane til Charles M. Schulz, gode minne frå unge år. Når ein tenkjer tilbake på stundene framfor skjermen, er dei uløyseleg knytte til musikken og lydsporet. Bak tonane stod jazzpianisten Vince Guaraldi (1928–1976), og med nye It’s The Great Pumpkin, Charlie Brown har vi fått den beste utgåva som samlar denne musikken så langt. Når «Snoopy And The Leaf» fyller rommet, er det ikkje til å kome forbi at ein vert mint på kor kul den hunden eigentleg var, idet lyden av fløyta til Ronald Lang fører oss strake vegen til det vesle hundehuset og alt som omgir det, i Schultz’ univers.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement