Musikk

Årstidene i ny utgåve

Dei nordvestlandske årstidene har truleg vore til inspirasjon.

Musikken til Britt Pernille Frøholm kling i retning av samtidsmusikk, meiner Sigbjørn Apeland.
Musikken til Britt Pernille Frøholm kling i retning av samtidsmusikk, meiner Sigbjørn Apeland.
Publisert

Britt Pernille Frøholm er ein hardingfelespelar som tilliks med mange i sin generasjon har gått grundig til verks i tileigninga av lokalt tradisjonsspel (Nordfjord, for hennar del), men som gradvis har tilnærma seg ulike former for samtidsmusikk.

Frøholm sjølv skriv at komposisjonane på denne plata «er mi tolking av det nordvestlandske året med sine lange vintrar og korte somrar». Titlane på låtane, eller satsane, alt etter kva slag sjargong ein nyttar, er dominerte av det mørke og dystre, som «Snøfok», «Skrømt» og «Myrkret».

Dermed er det fort gjort å tolka dette prosjektet som ein del av ein nasjonalromantisk tradisjon, med si naive tru på programmusikk, det vil seie at musikken er ei tolking av – og eit uttrykk for – utanommusikalske fenomen som særskilde landskap og meteorologiske tilstandar. Samstundes gjev dette assosiasjonar til Vivaldis Årstidene – noko som kanskje ikkje er så fjernt, i og med at mange hardingfelespelarar er svært interesserte i barokkmusikk.

I dette tilfellet er det truleg sant at dei nordvestlandske årstidene har vore ein viktig inspirasjon, men det klingande resultatet ligg nærare deler av samtidsmusikken enn både tradisjonelt nordfjordspel og klassisk nasjonalromantikk.

I samspel med kontrabassisten Sigurd Hole nyttar Frøholm ei rekke teknikkar som ikkje er heimehøyrande i vanleg slåttespel. Med bassen vert det djupe klangspekteret utvida mot botnen, samstundes som det ofte vert nytta flageolettar (lyse overtonar), og dermed læt det heile som eitt gedigent strykeinstrument.

Overtydelege glidetonar og dasking med bogane er òg spelemåtar som gjer at dette kling i retning av samtidsmusikk. Og i tillegg er lydstudioet nytta som eit verktøy med ein eigenverdi, ved at det somme tider er lagt på svært lang romklang – ikkje som eit lettvint klangleg parfyme, men som medvite estetisk verkemiddel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement