Musikk

Blått og impresjonistisk

Mathias Eick har eit vake auga for detaljane.

Publisert

Den femte ECM-utgjevinga til Mathias Eick følgjer i fotspora til den tre år gamle Ravensburg. Besetninga er stort sett den same, men eit merkbart tilskot er Stian Carstensen som gjest på pedal steel gitar. Eit lukkeleg val.

Musikken til Eick appellerer oftast til det ettertenksame og vemodige i oss. Det er eit blått slør over det musikalske landskapet – ei form for musikalsk impresjonisme som ikkje dyrkar kontrastane eller det ekspresjonistiske og eksalterte.

Dei sju låtane som Eick har komponert til denne plata, har alle eitt tostavingsord som tittel – til dømes «Loving», «Caring» og «Begging». Musikken går aldri raskare enn medium tempo, men dei to trommeslagarane, som regjerer i kvar sin kanal, serverer heile tida idear for den andre å svara på. Både Lofthus og Norbakken legg band på seg, men bruken av to trommeslagarar er med på å tilføra mykje av spenninga som uttrykket sårt treng.

Aase tilfører også spenning til musikken idet han stort sett opererer i ein del av frekvensområdet som ligg over der Eick og Ulvo ofte er å finna, men innimellom formar Eick og Aase unisone linjer. Bogeteknikken som Aase nyttar ein del, gjev musikken eit eterisk preg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement