Musikk
Blod på spora
Dylans beste album kjem endeleg ut som kompendium, i tunge og lette utgåver.
Bob Dylan då ha spelte i Houston 25. januar 1975, rett før det omtalte albumet kom ut for første gong.
Foto: AP / NTB scanpix
Ein septemberdag i 1974 gjekk Bob Dylan i studio i New York for å spele inn nokre nye songar. Men kva form skulle dei få? Han var ikkje sikker. Først framførte han dei åleine på kassegitaren, deretter fekk han med seg nokre musikarar, og slik heldt han fram, i tre dagar til, før han gav seg.
Plata vart gjort klar for utgiving, og testutgåver vart til og med distribuerte til nokre få utvalde lyttarar. Men så, i romjula same år, fekk Dylan kalde føter. Han fekk føre seg at han burde ta ein runde til med materialet og tok med seg lokale musikarar til eit platestudio i Minneapolis, der han i løpet av eit par dagar spelte inn nye versjonar av fleire av songane.
På toppen
For meg har alltid albumet, som kom ut av desse øktene, vore den største Dylan-plata – eg høyrer til i leiren som plasserer Blood on the Tracks (1975) aller øvst, ikkje berre i artistens diskografi, men på alskens topp 10-lister eg har rota med opp gjennom åra. For nokre år sidan skreiv den amerikanske forfattaren Rick Moody ein lovsong til albumet; han er med i Benjamin Hedins bok Studio A: The Bob Dylan Reader (2004), og kvar gong eg les den kortpusta panegyrikken igjen, nikkar eg med, «of thee I sing, best album ever made».
Ei stund hadde eg nok med plata slik ho til slutt kom ut den gongen, på nyåret i 1975, men allereie seint i tenåra, då Dylan-gnisten for alvor vart tend, las eg oppslukt om dei alternative versjonane frå septemberdagane i New York. Og etter kvart som eg fann vegen til små glimt, både på Biograph (1985) og den første Bootleg Series-boksen (1991), laga eg mine eigne spelelister av materialet – først på kassett, så på CD og seinare på telefonen. For meg har Blood on the Tracks alltid vore ei samling med songar i rørsle.
Alle arkivopptak
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.