Musikk

Det tomme rommet

Fleire bør oppdage H. Hawkline.

Huw Gwynfryn Evans spelar i Oslo 11. april.
Huw Gwynfryn Evans spelar i Oslo 11. april.
Publisert

«Empty Room», det avsluttande sporet på H. Hawklines nye album, er ein av desse songane ein straks tenkjer kjem til å verte ståande. Når ein har høyrt gjennom heile Milk For Flowers, er det som om songen er eit perfekt punktum, men likevel summar vidare i deg etterpå, som i ein ettertanke. Kanskje er dette fordi han tek opp noko det er vanskeleg å skildre i ord og tone, nemleg ei grunnleggjande menneskeleg erfaring: tapet av ein forelder.

Framifrå popvokalist

«My dad, he don’t sleep anymore», heiter det i siste line, i ein komposisjon der kvart element høyrer heime – pianoet (Paul Jones), steelgitaren (Harry Bohay) og klarinetten (Stephen Black).

Og så er det røysta, for H. Hawkline er ein framifrå popvokalist, som kjem særleg tett på her, kanskje fordi han syng om noko han har erfart. Det tomme rommet i songen er både ein fysisk plass og ein tilstand, noko taust, uunngåeleg og overveldande ein ikkje heilt kjenner rekkjevidda av før ein står midt i det.

Eg høyrde walisaren H. Hawkline på konsert i fjor sommar. Det skjedde i Austin, i klubben Mohawk, der han ein junikveld varma opp for Aldous Harding (som han seinare på kvelden dukka opp i bandet til).

Huw Gwynfryn Evans (f. 1985), som han eigentleg heiter, kom ut på scenen og framførte songane sine mutters åleine, med ein gitar, og elles kun akkompagnert av ein teip han spelte av. Dette snurrige, litt karaokeaktige grepet var mitt første møte med artisten, som stort sett spelte materiale frå I Romanticize (2017), eit markant album eg har lytta ein del til i månadene etterpå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement