Musikk
Frå kosmos til Måren
Orvedal og klokkespel fascinerer.
Ivar Orvedal kombinerer lyrikk og musikk.Ivar Orvedal kombinerer lyrikk og musikk.
PressefotoPressefoto
Jazz / Samtidsmusikk
Litt tilfeldig melder eg to plater etter kvarandre som er skorne over same leisten. I førre veke Noriaka med Ruset, Omenås og Balke og denne gongen Orvedals Postreptilia. Jazz/samtidsmusikk og lyrikk er ein tradisjonsrik kombinasjon, og Orvedal er ein nestor her på berget. Det er spanande lytta til to så ulike produksjonar som likevel har ein del fellestrekk.
Perspektivet til Orvedal er ikkje frå avsats 18 mot hoppkanten, men som kosmopolitten og vismannen frå Måren. «berre fire hundre lysår unna/ Galileo Galilei er i ferd med å måle farten til lyset/ og skal akkurat til å kveikje fjøslykta (...)». Han pendlar frå det visjonære til det nære, det intime. Orvedal elskar ordspela, kontrastane og paradoksa, og i godt vaksen alder les han framleis med ein kombinasjon av tryggleik, ro og intensitet som imponerer.
Vinylplata og tekstheftet (med engelsk omsetjing av Ingrid Haug) på 160 sider har eit smakfullt design. Tekstutdraget på dei åtte spora på plata følgjer ikkje tekstheftet, men tekstane er med i heftet. Dessutan er røysta til Orvedal nær og tydeleg i lydbiletet.
Musikken er sterkt prega av den særmerkte lyden av klokkespelet heimehøyrande i Uranienborg kyrkje. Lydbilete med Orvedal nær og klokkespelet i det fjerne med mange pausar fungerer som ei kule, til dømes i «Purple Saxifrage». Her er plata på sitt aller beste. Mindre spanande er det i nokre av dei sekvensane der klokkespelet inngår i eit meir konvensjonelt musikalsk forløp, som i siste del av «NotNot».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.