Musikk

Frelsar på florentinsk

Händels Messias kom til kontinentet takka vera ein engelsk lord.

Lord George Nassau Clavering (til venstre) syner fram eit Rafael-måleri i Uffizi-galleria i Firenze. Utsnitt av måleri (ca. 1775) av Johan Zoffani.
Lord George Nassau Clavering (til venstre) syner fram eit Rafael-måleri i Uffizi-galleria i Firenze. Utsnitt av måleri (ca. 1775) av Johan Zoffani.
Publisert

Verknadshistoria til Georg Friedrich Händels (1685–1759) oratorium er eineståande, for dei står i ein ubroten framføringstradisjon frå dei blei komponerte og fram til i dag. Hjå andre barokkomponistar er det jo annleis. J.S. Bachs store kyrkjemusikkverk, til dømes, var gløymde i nesten hundre år før dei kom på konsertrepertoaret.

Spesielt interessant er verknadshistoria til Händels Messiah, HWV 56. Dette bibelske oratoriet, som blei urframført i Dublin i 1742, blei raskt til eit av dei oftast spelte korverka internasjonalt. Fyrsteframføringa på kontinentet kan me takka ein engelsk lord for. George Nassau Clavering, 3. jarl av Cowper (1738–1789), la i 1756 ut på den for hans stand obligatoriske grand tour gjennom Italia. Firenze skulle i utgangspunktet bli siste stopp på danningsreisa, noko det på sitt vis også blei. Han busette seg nemleg i byen, der han samla kunst og arrangerte konsertar og operaframføringar til sin døyande dag.

Il Messia

Lord Clavering formidla italienske kunstverk til kjøparar i heimlandet. Fleire av hans Rafael-målarstykke heng no i National Gallery i London. Men kulturformidlinga gjekk også andre vegen, for då han i 1768 fekk tak i eit partitur av Händels Messias, gav han ein lokal diktar i oppdrag å omsetja den engelske librettoen til italiensk, og ein komponist å tilpassa melodiane til italiensken.

Urpremieren, som fann stad i storhertugen av Toscanas residens Palazzo Pitti, var det engelskmennene kallar an instant hit. Il Messia av «Giorgio Federico Hendel», som dei skreiv namnet hans, blei dei neste åra framført årleg i Firenze og gjorde mellom anna stort inntrykk på den unge W.A. Mozart.

Italiensk gusto

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement