Musikk
Heim til Doug
Doug Paisley tryllar fram novellistiske songar av høg kvalitet.
Dough Paisley fungerer godt som soloartist utan stort akkompagnement.
Pressefoto
Fest på kjøkkenet, dans på gangen. Slik utspelar det seg i den første bustaden, slik han er skildra i tittelsporet på Doug Paisleys nye album Starter Home. Taket lek, og naboen er galen, heiter det, om heimen som er finansiert med eit bustadlån.
Paisley er ein realistisk forteljar som dreg låtane sine i retning av det novellistiske, med ein utprega sans for detaljar. Karakterteikningar, livssituasjonar og stemningar blir trylla fram med nokre sparsame verseliner. Under alt kviler ein umiskjenneleg humanisme, ei omsorg for det mellommenneskelege, eit blikk for kvardagane som er grunnstoffet i livet vårt. Det er meisterleg gjort.
Då Strong Feelings, Paisleys førre studioalbum, kom ut på nyåret i 2014, meinte eg med éin gong at det dreidde seg om ei av desse platene som vert ståande – eg proklamerte entusiastisk på desse sidene at dei knappe førti minutta ho baud på, «har alt du kan ønskje deg av ei plate».
Eg står ved desse orda. På Strong Feelings klaffa alt, med knallsterke låtar og eit uslåeleg lag av gjestande musikarar, inkludert Garth Hudson (The Band), Mary Margaret O’Hara, og Emmett Kelly.
Same kvalitet
Om Paisley er eit nytt namn for deg, ville eg ha starta med Strong Feelings. Men om du høyrer til mellom dei som sette pris på det albumet, bør du ikkje nøle med å finne vegen til Starter Home, som har fleire av dei same kvalitetane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.