Musikk

Hjartet til sola

Det skulle ta ni år før Caitlin Rose følgde opp den kritikarroste debutplata.

Caitlin Rose er nokre hakk nærare popen og rocken på det ferske albumet, skriv Øyvind Vågnes.
Caitlin Rose er nokre hakk nærare popen og rocken på det ferske albumet, skriv Øyvind Vågnes.
Publisert

Det lovar ikkje godt når du finn ei ripe i spådomsglaset, slik tilfellet er i Caitlin Roses «Black Obsidian», ein av dei finaste songane på haustens nye album, Cazimi. Biletbruken er forfriskande original: «Kjærleiken vår er ein spegel», heiter det i teksten, «kjærleiken vår er svart obsidian».

Obsidian, spør du kanskje. Det gjorde i alle fall eg, men las meg fram til at det dreier seg om glas i ein naturleg bergart – og at steinens kulturhistorie mellom anna rommar ei tru på at han kunne verke som eit vindauge inn i noko anna. Det er denne mystikken Rose spelar på i «Black Obsidian», ein kjærleikssong som fortel om noko velkjent, men på ein måte som for mange vil vere ny og ukjend.

Ti års pause

Det finst kanskje ein og annan lesar som kjenner Caitlin Rose frå det kritikarroste, markante albumet ho gav ut i 2013, The Stand-In, men det skulle altså ta nesten eit tiår før oppfølgjaren no ser dagens lys. I ei pressemelding fortel artisten sjølv om korleis det vart for mykje for henne, slik at ho vart utbrend. I fleire år dukka ho berre sporadisk opp i ulike musikalske samanhengar i heimbyen Nashville, før ho til slutt vinteren 2020 fann vegen tilbake i studioet, rett før pandemien.

Tidleg på 2010-talet, etter debutalbumet Own Side Now (2010, ei nyutgåve kom i fjor), og særleg etter plata som kom tre år seinare, vart Rose løfta fram som eit løfterikt americanatalent i countrylandskapet, ikkje minst mellom europeiske lyttarar. (Fleire meldingar trekte liner til artistar som Loretta Lynn og Patsy Cline.)

Brennande flammar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement